Opningskonsert med strunkelærarane 2025
Strunkeveko har dei beste lærarane, og desse må få vise seg fram!

Strunkeveko har dei beste lærarane, og desse må få vise seg fram!
Foto: Ingvill Skeie Ljones
Strunkeveko har utvikla seg til å bli det største sommarkurset i folkemusikk og folkedans med nær 100 elevar kvart år. På Strunkeveko får elevane kunnig kursing av dei beste lærarane, og ikkje minst får dei venskap som varar livet ut, i eit stort og triveleg folkemusikkmiljø. I tillegg til at lærarane er gode, er dei ofte unge. Fleire av dei er profesjonelle utøvarar som har pedagogisk erfaring som instruktørar. Mange kan òg vise til sigrar frå Landskappleiken og Landsfestivalen.
Tema på Strunkeveko i år er reise!
Medverkande er årets strunkelærarar:
Åsmund Fauske Jøtun, Alexander Aga Røynstrand, Andrea Søgnen, Ingrid Lingaas Fossum, Trygve Liahagen, Bjørn Kåre Odde, Vera Sonne, Vegard Hansen, Erlend Viken, Birgit Haukås, Solveig Brekke Hauknes, Vilde Westeng, Vetle Springgard, Amalie Kinsarvik Tvilde og Håvard Ims tar publikum med på ei variert musikalsk reise.
Restrictions
Kjøpte billettar blir ikkje refundert.