Ministrunken 2024 - fele

KVALITETSKURS FOR DEI MINDRE!

page view image
event date

Mittwoch 10 Jul 2024 10:00

Endet Donnerstag 11 Jul 2024 15:00
Der Kalendereintrag passt sich Ihrer lokalen Zeitzone an
bestellen

Available items

Ministrunken Fele
event image

Event-Informationen


Er du for liten for Strunkeveko? Fortvil ikkje – Ministrunken ventar på deg! Valdres Folkemuseum er den idylliske arenaen for to-dagarskurset «Ministrunken» for barn i alderen 6–11 år. Du må melde deg på Ministrunken og alle kurs brukar å bli fylt opp.

Onsdag 10. og torsdag 11. juli under Jørn Hilme-stemnet står song, dans, hardingfele, fele, langeleik og toradar på planen frå kl. 10.00 til kl. 15.00.

Medan dei vaksne kan oppleva museet, gå på kurs på Hilme-stemnet eller utforske Valdres på eiga hand, er dei trivelege stovene på museet kursarena for Ministrunken. I tillegg til læring er det fleire fellesøkter med leik og moro utandørs på museumsområdet.

Torsdag får Ministrunkane sjølve halde konsert. Her får dei høve til å vise fram kva dei har lært på kurset – ein verkeleg publikumsvinnar!

Å vera med på Ministrunken kostar 1.000 kr, noko som inkluderer mat, instruksjon og konsertar.

Instruktørar:Tiril Eirunn Einarsdotter og Erlend Viken

Tiril er frå Stord, født i 1997, og fullførte i 2023 sin bachelor i utøvande folkemusikk ved Norges musikkhøgskole. For tida studerer ho master i utøvande folkemusikk ved same skule. Tiril har også tidlegare studert klassisk fiolin ved Fakultet for utøvande kunstfag i Stavanger. Ho er ein aktiv og allsidig musikar med mange års erfaring som soloutøvar, dansemusikar, og ensembelmusikar. Tiril har mellom anna vore solist med Norges ungdomskor, ensemble GAEA og symfoniorkester knytt til NMH. Ho er glad i å leike med musikken og eksperimenterer med ulike sjangrar og kunstformer for å finne sitt eige uttrykk. Tiril gler seg til å møte alle som skal vera med på Ministrunken!


NB! Hugs påmeldingsfristen 1. juni kl. 23.59!

Om du som foresatt kunne tenkje deg å bidra med hjelp til matservering eller anna frivillig arbeid rundt Ministrunken eller Strunkeveko send oss gjerne ein mail til post@strunkeveko.no.

Tags

#hilme
#strunkeveko
Veranstalter
Strunkeveko