Strunkeveko 2024 - fele

Felekurs med Nina Fjeldet

page view image
event date

Sonntag 7 Jul 2024 16:00

Endet Freitag 12 Jul 2024 15:00
Der Kalendereintrag passt sich Ihrer lokalen Zeitzone an
bestellen

Wenn Sie einen Promocode haben, hier eingeben

Available items

Fele
event image

Event-Informationen

Fem dagar med undervisning i fele!

Deltakarane blir delte inn i grupper etter nivå og alder. Lærarane gjev dykk både individuell undervisning og gruppeundervisning. På kurset vil du lære mange nye låttar og få tips til vidare utvikling.

For å vera med på fele bør du ha spelt i minst to år.

Lærar: Nina Fjeldet!

Nina er felespelar frå Gausdal, busett i Målselv. Som unge var ho med foreldra sine på dans med Gausdal Spelmannslag, og ho bestemte seg for at ho ville starte å spele fele. Sidan har ho spelt fele både her og der, aleine og saman med musikantar av mange slag. Blandt anna har ho vore på Strunkeveko før, som både deltakar og instruktør!

Nina speler gjerne leiker frå heimedistrikta Gudbrandsdalen og Troms, og ho elsker å spele til dans. Innimellom står ho på scena med ei barneforestilling, ei danseforestilling eller heilt aleine med fela.

Nå gler ho seg til å gjere comeback på Strunkeveko!


Søskenmoderasjon: Dersom to eller fleire søsken deltek på kurset får de ein søskenmoderasjon. Moderasjonen er på 500,- og du skriv då inn rabattkoda "Søskenpris" i feltet som sier: "Hvis du har en promo-kode, legg den inn her". NB: rabatten skal bli synleg på prisen før betalinga er gjennomført. 

Restriktionen

Når du har meldt deg på kurset vil du få meir info på e-post seinast 15. juni.

Verzichtserklärung

Kjøpt kurs blir normalt ikkje refundert, men ta kontakt med post@strunkeveko.no dersom noko heilt spesielt skulle oppstå som forhindrar ein i å kome på kurs.

Tags

#strunkeveko
#hilme
Veranstalter
Strunkeveko