Language
Help
© TicketCo AS 2024.
Legal terms for ticket buyers.
Legal terms for organizers.
Velkomen til Strunkehelg på Merket 17. - 19. januar 2025.
Det blir kurs i pardans, halling, hardingfele, fele, torader, song og langeleik.
Instruktør i hardingfele: Frank Henrik Rolland.
Frank fordjupar seg i klassiske slåttar frå Hardanger og Voss, som han framfører i presise og nyanserike versjonar. I seinare tid har han også teke opp dei rike slåttetradisjonane frå Valdres. Han har arbeidt som fylkesmusikar i Hordaland i omlag 20 år, i samarbeid med mange ulike musikarar, tildømes Knut Hamre, Leif Rygg, Einar Mjølsnes og Sigbjørn Apeland. Dei siste åra har han samarbeidd mykje med Marit Karlberg på song og langeleik. Frank Rolland er medlem i Spelemannslaget til fremjing av møsagrodde låttar frå Valdres og er tidelagere leiar av Strunkeveko!
Instruktørar på dei øvrige kursa er Stian Roland, Vilde Westeng, Anne Marit Jota, Inge Gjevre, Margrete Nordmoen, Andrea Søgnen m.fl.
Aldersgrense 11–20 år.
FØREBELS TIMEPLAN:
Fredag:
18.00 Velkomen! Deltakarane får tildelt rom.
19.00 Deltakarane blir delt inn i grupper og får litt undervisning før kveldsmat
21.00 Kveldsmat, lærarkonsert og dans
Laurdag:
09.00 Bisk
10.00 Undervisning
13.00 Dugurd
14.30 Fellesdans eller andre aktivitetar (aking med meir)
16.00 Undervisning
18.00 Nons
20.00 Dansefest
Sundag:
09.00 Bisk
10.00 Undervisning
12.00 Dugurd
13.00 Undervisning, pakking ut av romma og gjere seg klar til konsert
14.00 Konsert for å syne fram det gruppene har jobba med, foreldre og andre er velkomne til å høyre/sjå på.
15.00 Avreise