Help
© TicketCo AS 2025.
Legal terms for ticket buyers.
Legal terms for organizers.
Fem dagar med undervisning i fele!
Deltakarane blir delte inn i grupper etter nivå og alder. Lærarane gjev dykk både individuell undervisning og gruppeundervisning. På kurset vil du lære mange nye låttar og få tips til vidare utvikling.
For å vera med på fele bør du ha spelt i minst to år.
Lærar: Trygve Liahagen!
Trygve (f. 2001) frå Ottestad er felespelar og ein allsidig musikar som i tillegg til solo-utøving, spelar i fleire band, ensemble og jobbar med komposisjon. Han spelar alt frå slåttemusikk til meir rytmisk og improvisert musikk som ofte tar inspirasjon frå folkemusikken. Trygve vann Fele klasse B på Landskappleiken i både 2022 og 2023, og han vart tildelt Øivind Berghs Minnepris (2023), der han kvitterte for prisen ved å vera solist med Kringkastingsorkesteret (KORK). Og i to år no har han fått tittelen «Hilmartalentet 2024-2026», plukka ut av Stiftelsen Hilmar Alexandersen.
Søskenmoderasjon: Dersom to eller fleire søsken deltek på kurset får de ein søskenmoderasjon. Moderasjonen er på 500,- og du skriv då inn rabattkoda "Søskenpris" i feltet som sier: "Hvis du har en promo-kode, legg den inn her". NB: rabatten skal bli synleg på prisen før betalinga er gjennomført.