Help
© TicketCo AS 2025.
Legal terms for ticket buyers.
Legal terms for organizers.
Fem dagar med undervisning i fele! Er du klar for å ta felespelet ditt opp til eit nytt nivå? Då er fordjupingskurset på Strunkeveko rette staden å gjera det. Aldersgrensa er fjorten år og du lyt ha lang erfaring frå spel på fele for å vera med.
Lærar: Bjørn Kåre Odde!
Bjørn Kåre Odde (f. 1990) frå Vågå spelar fele og bratsj. Han har vore lærar på Strunkeveko mange gongar, sist gong i 2022. Bjørn Kåre spelar alt frå springleikar til klassiske fiolinstykke, men det er kanskje runddansmusikken (gammaldans) som ligg hjarta hans nærast. Han spelar i dei populære gammaldansorkestra Lendmenn og Madam Jam! Bjørn Kåre er også sjef i plateselskapet Melovitten saman med kona Solveig Brekke Hauknes, som også er lærar på Strunkeveko i år.
Søskenmoderasjon: Dersom to eller fleire søsken deltek på kurset får de ein søskenmoderasjon. Moderasjonen er på 500,- og du skriv då inn rabattkoda "Søskenpris" i feltet som sier: "Hvis du har en promo-kode, legg den inn her". NB: rabatten skal bli synleg på prisen før betalinga er gjennomført.