Help
© TicketCo AS 2025.
Legal terms for ticket buyers.
Legal terms for organizers.
Pardanskurset er for deg som vil danse mykje! Kurset vil fokusere på innlæring av ulike bygde- og runddansar. I tillegg til å lære mange dansar får du lære om danseteknikk og haldning i dans. Her blir det tips og råd, enten du vil gjera deg klar for kappleik, eller vil sveitte deg i hel på dansekveldar.
NB: Vi har også pardans fordjuping for dei over 14 år.
Instruktør: Birgit Haukås!
Birgit (f.1998) kjem frå Tinn i Telemark, og har sidan 2014 vore aktiv innan folkedans og hardingfelespel. Som ivrig kappleiksdeltakar har ho oppnådd gode resultat, og i 2024 vart ho A-klassedansar. Birgit er ikkje berre utøvar, men brenn for opplæring og instruksjon av dans og spel. Ho har bakgrunn som kulturskolelærar i dans, og hatt fleire kurs i dans og spel i inn- og utland, deriblant medvirkande i DKS i skulen og fleire turar til USA. Birgit har studert bachelor i folkemusikk og master i tradisjonskunst, i tillegg til eit årsstudium i instrumentmaking ved Universitetet i Sørøst-Norge, campus Rauland. Foto: Jana Pavlova
Søskenmoderasjon: Dersom to eller fleire søsken deltek på kurset får de ein søskenmoderasjon. Moderasjonen er på 500,- og du skriv då inn rabattkoda "Søskenpris" i feltet som sier: "Hvis du har en promo-kode, legg den inn her". NB: rabatten skal bli synleg på prisen før betalinga er gjennomført.