page view image

Ministrunken 2024 - dans

KVALITETSKURS FOR DEI MINDRE!

Information
event image

Er du for liten for Strunkeveko? Fortvil ikkje – Ministrunken ventar på deg! Valdres Folkemuseum er den idylliske arenaen for to-dagarskurset «Ministrunken» for barn i alderen 6–11 år. Du må melde deg på Ministrunken og alle kurs brukar å bli fylt opp.

Onsdag 10. og torsdag 11. juli under Jørn Hilme-stemnet står song, dans, hardingfele, fele, langeleik og toradar på planen frå kl. 10.00 til kl. 15.00.

Medan dei vaksne kan oppleva museet, gå på kurs på Hilme-stemnet eller utforske Valdres på eiga hand, er dei trivelege stovene på museet kursarena for Ministrunken. I tillegg til læring er det fleire fellesøkter med leik og moro utandørs på museumsområdet.

Torsdag får Ministrunkane sjølve halde konsert. Her får dei høve til å vise fram kva dei har lært på kurset – ein verkeleg publikumsvinnar!

Å vera med på Ministrunken kostar 1.000 kr, noko som inkluderer mat, instruksjon og konsertar.

Instruktørar: Brigitte Blomlie og Lars Fivelstad Smaaberg

Brigitte (også kjent som Bibbi) kjem frå Valdres og er dansar, songar, skodespelar og pedagog. Ho er medskapande dansar i Mamelukk dansekompani og i eigne forestilingsprosjekt. Som Valdris er ho stolt forvaltar av folkedansen frå dalføret. Ho har lang erfaring som lærar i grunnskulen og som kurshaldar i folkedans for born og unge i alle aldrar. Brigitte hentar grunnlaget i rørslematerialet sitt frå folkedansen, men kombinerer dette med eige materiale for å skape ein uttrykksform som er levande. Ho er oppteken av leiken i dansen, å skape sterke visuelle uttrykk og nyttar heile kjensleregistret i formidlinga si. Som medarrangør av Ministrunken gler ho seg stort til å ta i mot alle deltakarar på Ministrunken denne sommaren!

Lars er dansar, kvedar og spelemann frå Gol i Hallingdal. På Ministrunken skal han ta med seg dansen han har med seg både frå Hallingdal og etterkvart andre stader i Noreg, og vera med å skape eit energifylt og rikhaldig dansekurs for dei små. Lars er mykje brukt kurshaldar både for born og vaksne og kan ofte sjåast i sceniske produksjonar. Han er særleg oppteken av å formidle dei vakre danse, musikk- og forteljartradisjonane frå Hallingdal, og gjera det til morosam leik og dans for alle. Han gler seg til mykje lått, leven og gøy på Fagernes i år.

NB! Hugs påmeldingsfristen 1. juni kl. 23.59!

Om du som foresatt kunne tenkje deg å bidra med hjelp til matservering eller anna frivillig arbeid rundt Ministrunken eller Strunkeveko send oss gjerne ein mail til post@strunkeveko.no.

#hilme #strunkeveko #valdres