page view image

Strunkeveko 2024 - halling fordjuping

Fordjupingskurs i halling med Jon Bugge Mariussen

Information
event image

Ta hallingen til nye høgder! Nivået på hallingdansen i Noreg er på veg godt oppunder taket. Strunkeveko tek konsekvensen av dette og tilbyr kurs for den som verkeleg byrjar å få taket på både kast og takt. Fordjupingskurset i halling er for deg som har kome verkeleg langt som dansar, og kurset krev at deltakaren held høgt nivå. Fokuset på kurset er å utvikle seg som dansar og jobbe med eit personleg uttrykk.

Du lyt vera over fjorten år og ha ei interesse for både dansen og teknikken bak. Har du det, lovar vi store mengder inspirasjon og danseglede i løpet av desse dagane i Valdres.

Instruktør: Jon Bugge Mariussen!

Jon er koreograf, dansekunstnar og perkusjonist med utdanning frå Høyskolen for dansekunst i Oslo. For tida er han spesielt interessert i det rytmiske og musikalske ved dansen. Erfaringar frå folkedans og perkusjon smeltar saman og skapar nye uttrykk der jakta på kroppsleg musikalitet er i fokus. Jon har mellom anna vore med på førestillingar på Västanå Teater, Rom for dans Oslo, og hatt rolla som «Fuglen» på Det Norske Teaterets oppsetjing av Fuglane.


Nytt av året er at vi har fått Frikar som samarbeidspartner! Ein av dagane får hallinggruppene då reise med lærarane sine ned til Frikar-SMIA som ligg i Aurdal! Frikar-SMIA har ekstra godt dansegulv, gode matter til å lære akrobatikk og mykje meir!

Søskenmoderasjon: Dersom to eller fleire søsken deltek på kurset får de ein søskenmoderasjon. Moderasjonen er på 500,- og du skriv då inn rabattkoda "Søskenpris" i feltet som sier: "Hvis du har en promo-kode, legg den inn her". NB: rabatten skal bli synleg på prisen før betalinga er gjennomført. 

Restrictions

Når du har meldt deg på kurset vil du få meir info på e-post seinast 15. juni.

Waiver

Kjøpt kurs blir normalt ikkje refundert, men ta kontakt med post@strunkeveko.no dersom noko heilt spesielt skulle oppstå som forhindrar ein i å kome på kurs.