page view image

Strunkeveko 2024 - song

Songkurs med Martin Steinum Brun

Information
event image

Folkesong er eit vidt begrep, og på songkurset får du med deg repertoar frå ulike tider og stiler frå folkesongen si historie. Undervisninga blir tilpassa alder og nivå, så langt det lar seg gjere og du vil få undervisning både individuelt og i gruppe. 

NB: I år har vi også song fordjuping for dei over 14 år.

Instruktør: Martin Steinum Brun (f.1999).

Som songar har Martin verka innan fleire folkemusikalske rom, både som solomusikar og i ulike ensemble. Han har mellom anna vore solist for ensemble som Oslo Kammerkor og Det Norske Solistkor, og vart nyleg tildela fyrsteplass i kategorien “open klasse” på Landskappleiken i Lom, saman med kvedartrioen Rakkarpakk. For tida tek han ein bachelor i utøvande folkesong ved Norges Musikkhøgskole, der han fordjupar seg i vokaltradisjonen frå Gudbrandsdalen. Ivrig etter å utforske har han jobba og leika seg med fleire sjangeruttrykk, og set stadig songen opp mot og saman med desse. Til sumaren stiller han for fyrste gong i vokal klasse A på Landskappleiken


Søskenmoderasjon: Dersom to eller fleire søsken deltek på kurset får de ein søskenmoderasjon. Moderasjonen er på 500,- og du skriv då inn rabattkoda "Søskenpris" i feltet som sier: "Hvis du har en promo-kode, legg den inn her". NB: rabatten skal bli synleg på prisen før betalinga er gjennomført. 

Restrictions

Når du har meldt deg på kurset vil du få meir info på e-post seinast 15. juni.

Waiver

Kjøpt kurs blir normalt ikkje refundert, men ta kontakt med post@strunkeveko.no dersom noko heilt spesielt skulle oppstå som forhindrar ein i å kome på kurs.