Fele - Strunkeveko

Arrangementsinformasjon

Strunkeveko felekurs med Sigrid Moldestad og Rasmus Kjorstad

Fem dagar med undervisning i fele med fantastiske instruktørarar frå Breim og Harpefoss.

Deltakarane blir delte inn i grupper etter nivå og alder. Lærarane gjev dykk både individuell undervisning og gruppeundervisning. På kurset vil du lære mange nye låttar og få tips til vidare utvikling.

For å vera med på fele bør du ha spelt i minst to år.

Sigrid Moldestad er frå Breim og busett i Bergen. Ho har si musikalske rot i Nordfjord og dei vestlandske feletradisjonane, og spelar både fele og hardingfele. Sigrid Moldestad er utdanna ved Ole Bull Akademiet. Ho er ein profilert artist både som felespelar og songar, og har fleire plater bak seg, seinast i år med plata "Tonen i meg". Sigrid har vore instruktør på fleire kurs, også strunkeveka tidlegare. "Det er ein viktig og fin måte å gje vidare tradisjonen sin på", seier ho, og legg til at ho gler seg!

Rasmus Kjorstad har sidan ungdomsskulealder interessert seg for slåttespelet og historiane knytt til tradisjonen i Midt-Gudbrandsdalen. Han er ein aktiv musikar, med engasjement i mange konstelasjonar, Morgonrode, Kjorstad-Brothers og Torgeir Vassvik for å nemne nokre.

Søskenmoderasjon: Dersom to eller fleire søsken deltek på kurset får de ein søskenmoderasjon. Moderasjonen er på 500,- og du skriv då inn rabattkoda "Søskenpris" i feltet som sier: "Hvis du har en promo-kode, legg den inn her". NB: rabatten skal bli synleg på prisen før betalinga er gjennomført. 

Covid-19

Strunkeveko, Ministrunken og Mikrostrunken vil bli gjennomført etter gjeldande smittevernreglar og forskrifter.

Du kan ikkje kome på Strunkeveko, Ministrunken og Mikrostrunken om du har, eller nettopp har hatt symptom som sår hals, forkjølelse, lett hoste, muskelsmerte eller hovudverk!

Vi vil gå gjennom smittevernreglane ved oppstart av arrangementet.

Restriksjoner

Når du har meldt deg på kurset vil du få meir info på e-post seinast 15. juni.

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpt kurs blir normalt ikkje refundert, men ta kontakt med post@strunkeveko.no dersom noko heilt spesielt skulle oppstå som forhindrar ein i å kome på kurs.