Hardingfele - Strunkeveko

Arrangementsinformasjon

Hardingfelekurs på Strunkeveko med Jan Beitohaugen Granli og Ottar Kåsa

Kurset har fokus på låttelære, men du får også gode tips til vidare utvikling som hardingfelespelar. I år har vi lærarar frå Valdres og Telemark, og låttar frå desse områda står naturleg i sentrum. Deltakarane blir delte inn i to grupper etter nivå og alder. Du vil få undervisning både individuelt og i grupper.

For å vera med på hardingfele bør du ha spelt i minst to år.

Jan Beitohaugen Granli
frå Øystre Slidre skulle vere kjend for dei fleste med sine seks sigrar på Landkappleiken og elles med sitt framifrå dansepel frå kappleikscena og på dansefestar. Han har hatt fleire gode læremeistrar og fører vidare ein gamal familietradisjon etter oldefaren Engebret Beitohaugen og far hans att, Nils Beitohaugen.

Ottar Kåsa er hardingfelespelar og prisbelønna felemaker fra Arabygdi i Vinje, og sjølvaste Myllarguten var tipp-tipp-tipp-oldefar hans. Han har vunne landskappleiken fire gonger, fått Spelemannsprisen og elles vunne Folkelarmprisen fleire gonger.

Søskenmoderasjon: Dersom to eller fleire søsken deltek på kurset får de ein søskenmoderasjon. Moderasjonen er på 500,- og du skriv då inn rabattkoda "Søskenpris" i feltet som sier: "Hvis du har en promo-kode, legg den inn her". NB: rabatten skal bli synleg på prisen før betalinga er gjennomført. 

Covid-19

Strunkeveko, Ministrunken og Mikrostrunken vil bli gjennomført etter gjeldande smittevernreglar og forskrifter.

Du kan ikkje kome på Strunkeveko, Ministrunken og Mikrostrunken om du har, eller nettopp har hatt symptom som sår hals, forkjølelse, lett hoste, muskelsmerte eller hovudverk!

Vi vil gå gjennom smittevernreglane ved oppstart av arrangementet.

#hilme
#strunkeveko
#valdres
#folkemusikk
#merket
#hardingfele

Restriksjoner

Når du har meldt deg på kurset vil du få meir info på e-post seinast 15. juni.

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpt kurs blir normalt ikkje refundert, men ta kontakt med post@strunkeveko.no dersom noko heilt spesielt skulle oppstå som forhindrar ein i å kome på kurs.