page view image

Ljosblått – avslutningsframsyning for Strunkeveko

Informasjon
event image

Velkommen til avslutningskonserten til Strunkeveko. Gled deg til ei kreativ og sprudlande framsyning med nær 100 full-lada ungdomar!

Foto: Ingvill Skeie Ljones

Tema på Strunkeveko i år er knytt til namn på ulike felestille frå Valdres. Den vanlegaste måten å stille fela på i dag er oppstemt og låg bass, det er desse to felestillene ein høyrer oftast på konsertar, kappleikar og til dans. Kjeldematerialet viser at det før i tida vart brukt fleire felestille. Vi kan lese at «Gamle-Hagen», frå Myrkdalen i Vossestrand, spelte på i alt 24 felestille. Jørn Hilme frå Valdres var hakk i hel med heile 21 felestille.

Valdres er ein av tradisjonsområda der ein framleis spelar låttar på andre felestiller. Her er det låttar på halvgrått og grålysing, ljosblått og grønt, til dømes. Låttane på halvgrått blir spelt utpå natta, på den tida det byrjar å lysne, deretter kjem låttane på grålysing i grålysinga. På morgonkvisten treng ein gjerne litt ekstra kveik, og då stiller ein fela om på ljosblått.

Deltakarane på konsertane på Strunkeveko i år vil altså la seg inspirere av desse felestilla, og namna på dei. Det blir ein halvgrå lærarkonsert, sjokoladekappleik i grålysing og avslutningskonserten ljosblått.

Medverkande:
Elevane på Strunkeveko

#strunke #hilme

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar refunderast ikkje.