Ministrunken 2024 - langeleik
KVALITETSKURS FOR DEI MINDRE!
Onsdag 10. og torsdag 11. juli under Jørn Hilme-stemnet står song, dans, hardingfele, fele, langeleik og toradar på planen frå kl. 10.00 til kl. 15.00.
Medan dei vaksne kan oppleva museet, gå på kurs på Hilme-stemnet eller utforske Valdres på eiga hand, er dei trivelege stovene på museet kursarena for Ministrunken. I tillegg til læring er det fleire fellesøkter med leik og moro utandørs på museumsområdet.
Torsdag får Ministrunkane sjølve halde konsert. Her får dei høve til å vise fram kva dei har lært på kurset – ein verkeleg publikumsvinnar!
Å vera med på Ministrunken kostar 1.000 kr, noko som inkluderer mat, instruksjon og konsertar.
Instruktør: Ingrid Lingaas Fossum
Ingrid har spelt langeleik sia ho var åtte år, og avsluttar i år ein bachelor i utøvande tradisjonsmusikk på Ole Bull-Akademiet. Ho gjer mange spennande prosjekt med langeleik, og har vore lærar på både Ministrunk og Strunkeveko ei rekkje gonger. No gler ho seg til fine dagar med dei yngre elevane på museet i sommar! Ho gler seg òg til å gjera framsyninga "Danse mi dokke, springe min hest" i lag med Ministrunkesjef Bibbi på onsdagen.
NB! Hugs påmeldingsfristen 1. juni kl. 23.59!
Om du som foresatt kunne tenkje deg å bidra med hjelp til matservering eller anna frivillig arbeid rundt Ministrunken eller Strunkeveko send oss gjerne ein mail til post@strunkeveko.no.