page view image

Ministrunken - song

Arrangementsinformasjon
event image

KVALITETSKURS FOR DEI MINDRE!


Er du for liten for Strunkeveko? Fortvil ikkje – Ministrunken ventar på deg! Valdres Folkemuseum er den idylliske arenaen for to-dagarskurset «Ministrunken» for barn i alderen 6–11 år. Du må melde deg på Ministrunken og alle kurs brukar å bli fylt opp. 

Onsdag 13. og torsdag 14. juli under Jørn Hilme-stemnet står song, dans, hardingfele, fele, langeleik og toradar på planen frå kl. 10.00 til kl. 15.00.

Medan dei vaksne kan oppleva museet, gå på kurs på Hilme-stremnet eller utforske Valdres på eiga hand, er dei trivelege stovene på museet kursarena for Ministrunken. I tillegg til læring er det fleire fellesøkter med leik og moro utandørs på museumsområdet.

Torsdag får Ministrunkane sjølve halde konsert. Her får dei høve til å vise fram kva dei har lært på kurset – ein verkeleg publikumsvinnar! 

Å vera med på Ministrunken kostar 800 kr, noko som inkluderar mat, instruksjon og konsertar.

Instruktør: Synnøve Brøndbo Plassen


#hilme
#strunkeveko