Ministrunken Torader

Arrangementsinformasjon

KVALITETSKURS FOR DEI MINDRE!


Er du for liten for Strunkeveko? Fortvil ikkje – Ministrunken ventar på deg! Valdres Folkemuseum er den idylliske arenaen for to-dagarskurset «Ministrunken» for barn i alderen 6–11 år. Du må melde deg på Ministrunken og alle kurs brukar å bli fylt opp. I 2019 var det 55 deltakarar på Ministrunken. 

Onsdag 14. og torsdag 15. juli under Jørn Hilme-stemnet står song, dans, hardingfele, fele, langeleik og toradar på planen frå kl. 10.00 til kl. 15.00.

Medan dei vaksne kan oppleva museet, gå på kurs på Hilme-stremnet eller utforske Valdres på eiga hand, er dei trivelege stovene på museet kursarena for Ministrunken. I tillegg til læring er det fleire fellesøkter med leik og moro utandørs på museumsområdet.

Torsdag får Ministrunkane sjølve halde konsert. Her får dei høve til å vise fram kva dei har lært på kurset – ein verkeleg publikumsvinnar! 

Å vera med på Ministrunken kostar 800 kr, noko som inkluderar mat, instruksjon og konsertar.

Instruktør: Anders Lunden Herfoss

Covid-19

Strunkeveko, Ministrunken og Mikrostrunken vil bli gjennomført etter gjeldande smittevernreglar og forskrifter.

Du kan ikkje kome på Strunkeveko, Ministrunken og Mikrostrunken om du har, eller nettopp har hatt symptom som sår hals, forkjølelse, lett hoste, muskelsmerte eller hovudverk!

Vi vil gå gjennom smittevernreglane ved oppstart av arrangementet.

#hilme
#strunkeveko