Pardans fordjuping - Strunkeveko

Arrangementsinformasjon

Kurs i pardans fordjuping med Vegar Vårdal

Kurset er for dei over 14 år, og du bør ha dansa ein god del for å vera med på kurset.

NB: Kun 8 plassar på kurset. Det blir eit variert kurs med fokus på ulike pardansar. 

Vegar Vårdal er folkedansar og felespeler frå Oslo. Han har ein imponerande CV med mange utgjevingar på fele. Vegar er ein sentral person i folkedansmiljøet og har fått i stand folkedansline på Vinstra Vidaregåande skule knytt til folkemusikklinja og har gjeve verdifull kunnskap til mange folkedansarar  gjennom studiet Norsk Folkelig Dans.

Søskenmoderasjon: Dersom to eller fleire søsken deltek på kurset får de ein søskenmoderasjon. Moderasjonen er på 500,- og du skriv då inn rabattkoda "Søskenpris" i feltet som sier: "Hvis du har en promo-kode, legg den inn her". NB: rabatten skal bli synleg på prisen før betalinga er gjennomført. 

Covid-19

Strunkeveko, Ministrunken og Mikrostrunken vil bli gjennomført etter gjeldande smittevernreglar og forskrifter.

Du kan ikkje kome på Strunkeveko, Ministrunken og Mikrostrunken om du har, eller nettopp har hatt symptom som sår hals, forkjølelse, lett hoste, muskelsmerte eller hovudverk!

Vi vil gå gjennom smittevernreglane ved oppstart av arrangementet.

Restriksjoner

Når du har meldt deg på kurset vil du få meir info på e-post seinast 15. juni.

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpt kurs blir normalt ikkje refundert, men ta kontakt med post@strunkeveko.no dersom noko heilt spesielt skulle oppstå som forhindrar ein i å kome på kurs.