page view image

SJOKOLADEKAPPLEIK - FOKUS SUPERHELTAR!

Arrangementsinformasjon
event image

Velkommen til sjokoladekappleik med elevar frå Strunkeveko! Fokus: Superheltar!

Foto: Ingvil Skeie Ljones

Kappleik høyrer med på sommarkurset Strunkeveko, men også sjokolade! Sjokoladekappleiken har kvart år ulike tema, her er det meste lov, og både elevar og lærarar let kreativiteten blomstre vilt. Her legg ein opp til fritt spelerom, og det er berre å glede seg til alle sprella som vil dukke opp. Kven har årets artigaste innslag, og kven vinn prisen for beste kostyme? Kven har X-faktoren? Eit høgdepunkt med kreative innslag og rause domarar.

Tema på årets sjokoladekappleik er superheltar! Det er mange superheltar i lokalhistoria og folkemusikken, både i mytar og verkelege personar: Fanteladda, Røtneims-Knut, Jørn Hilme, Berit på Pynte, Kivlemøyane, Fossegrimen, Riddar Brynning, Rande-Ambjør, Guro, for å nemne nokre. Her blir det nok fleire eksempel frå ulike tradisjonar.

#strunke
#hilme

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar refunderast ikkje.