Sjokoladekappleik i grålysing

Kappleik høyrer med på sommarkurset Strunkeveko, men også sjokolade!
Foto: Ingvill Skeie Ljones
Mykje sjokolade. Sjokoladekappleiken har kvart år ulike tema, her er det meste lov, og både elevar og lærarar let kreativiteten blomstre vilt. Her legg ein opp til fritt spelerom, og det er berre å glede seg til alle sprella som vil dukke opp. Kven har årets artigaste innslag, og kven vinn prisen for beste kostyme? Kven har X-faktoren? Eit høgdepunkt med kreative innslag og rause dommarar.
Tema på Strunkeveko i år er knytt til namn på ulike felestille frå Valdres. Den vanlegaste måten å stille fela på i dag er oppstemt og låg bass, det er desse to felestillene ein høyrer oftast på konsertar, kappleikar og til dans. Kjeldematerialet viser at det før i tida vart brukt fleire felestille. Vi kan lese at «Gamle-Hagen», frå Myrkdalen i Vossestrand, spelte på i alt 24 felestille. Jørn Hilme frå Valdres var hakk i hel med heile 21 felestille.
Valdres er ein av tradisjonsområda der ein framleis spelar låttar på andre felestiller. Her er det låttar på halvgrått og grålysing, ljosblått og grønt, til dømes. Låttane på halvgrått blir spelt utpå natta, på den tida det byrjar å lysne, deretter kjem låttane på grålysing i grålysinga. På morgonkvisten treng ein gjerne litt ekstra kveik, og då stiller ein fela om på ljosblått.
Deltakarane på konsertane på Strunkeveko i år vil altså la seg inspirere av desse felestilla, og namna på dei. Det blir ein halvgrå lærarkonsert, sjokoladekappleik i grålysing og avslutningskonserten ljosblått.
Medverkande:
Elevane på Strunkeveko
Ansvarsfraskrivelse
Kjøpte billettar refunderast ikkje.