Strunkehelg 2025 - Langeleik
Langeleikkurs med Andrea Søgnen!
Velkomen til Strunkehelg på Merket 17.– 19. januar 2025.
Det blir kurs i pardans, halling, hardingfele, fele, torader, song og langeleik.
Instruktør i langeleik er Andrea Søgnen!
Andrea er 23 år, og er ein av landets fremste langeleikutøvere med repertoar fra Hallingdal, Valdres og Telemark. Med fokus på klangmoglegheitene, grooven og strøkbruken til langeleiken banar den særeigne spelestilen hennar veg for nye uttrykk innanfor langeleikspelet. Hennar store interesse for overføring av låttar fra hardingfele og kveding, og dessutan vidareføring av dei eldste notenedskriftene på langeleik, gjer Andrea sitt repertoar unikt. I tillegg til å vera soloutøvar, blir ho hyppig brukt til dansespel og til undervisning i både langeleik og folkedans. Andrea er den første med bachelor i Folkemusikk med langeleik som hovedinstrument, ei grad ho fullførte ved USN, campus Rauland i 2023.
Instruktørar på dei øvrige kursa er Frank Henrik Rolland, Stian Johan Roland, Vilde Westeng, Anne Marit Jota, Inge Gjevre, Margrete Nordmoen, m.fl.
Aldersgrense 11–20 år.
FØREBELS TIMEPLAN:
Fredag:
18.00 Velkomen! Deltakarane får tildelt rom.
19.00 Deltakarane blir delt inn i grupper og får litt undervisning før kveldsmat
21.00 Kveldsmat, lærarkonsert og dans
Laurdag:
09.00 Bisk
10.00 Undervisning
13.00 Dugurd
14.30 Fellesdans eller andre aktivitetar
16.00 Undervisning
18.00 Nons
20.00 Dansefest
Sundag:
09.00 Bisk
10.00 Undervisning
12.00 Dugurd
13.00 Undervisning, pakking ut av romma og gjere seg klar til konsert
14.00 Konsert for å syne fram det gruppene har jobba med, foreldre og andre er velkomne til å høyre/sjå på.
15.00 Avreise
Restriksjoner
Aldersgrense 11 - 20 år.
Ansvarsfraskrivelse
Kjøpt kurs blir normalt ikkje refundert, men ta kontakt med post@strunkeveko.no dersom noko heilt spesielt skulle oppstå som forhindrar ein i å kome på kurs.