page view image

Strunkeveko 2024 - langeleik fordjuping

Langeleik fordjuping med Anders Erik Røine

Informasjon
event image

I år har me fått tak i ein super utøvar til å ha dette kurset. Anders er kjent for å finne nye moglegheiter å bruke langeleiken på og har mykje kunnskap om musikk. Som ein del av kurset vil Anders også inkludere litt munnharpe som ein del av musikkforståinga. Læraren gjev dykk både individuell undervisning og gruppeundervisning.

Er du klar for å ta langeleikspelet ditt opp til eit nytt nivå? Då er fordjupingskurset på Strunkeveko rette staden å gjera det. Aldersgrensa er fjorten år og du lyt ha lang erfaring frå spel på langeleik for å vera med.


Søskenmoderasjon: Dersom to eller fleire søsken deltek på kurset får de ein søskenmoderasjon. Moderasjonen er på 500,- og du skriv då inn rabattkoda "Søskenpris" i feltet som sier: "Hvis du har en promo-kode, legg den inn her". NB: rabatten skal bli synleg på prisen før betalinga er gjennomført. 

Restriksjoner

Når du har meldt deg på kurset vil du få meir info på e-post seinast 15. juni.

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpt kurs blir normalt ikkje refundert, men ta kontakt med post@strunkeveko.no dersom noko heilt spesielt skulle oppstå som forhindrar ein i å kome på kurs.