Strunkeveko 2026 - Fele fordjupning
Fordjupingskurs på fele med Astrid Garmo
Er du klar for å ta felespelet ditt opp til eit nytt nivå? Då er fordjupingskurset på Strunkeveko rette staden å gjera det. Aldersgrensa er fjorten år og du lyt ha lang erfaring frå spel på fele for å vera med.
Lærar: Astri Garmo!
Felespelaren Astrid Garmo kjem ifrå Garmo i Gudbrandsdalen, og jobbar for tida som frilansmusikar med base i Oslo. I tillegg til å ha føtene godt planta i flatfelemusikken fra heimtraktane, har Astrid også dei siste åra vore ein svært aktiv hardingfelespelar, og ho fordjupa spesielt seg i folkemusikken frå Valdres, Hallingdal og Telemark da ho studerte på Norges Musikkhøgskole i åra 2016-2020. I dag er ho leiar for Bærum Spellemannslag, spelar mykje til dans og er aktiv i grupper på tvers av sjangrer med forskjellige instrument som til dømes feler, gitar, synth og langeleik. Ho er å høyre i bandet Pumpegris, Ester og Astrid og LIN, men også som gitarist og vokalist i indierock-banda Clowder og Scoreboard.
Astrid har gitt ut soloplata «Sjugurd» (2024), eit prosjekt der ho har tolka slåttene til oldefaren sin, Sjugurd Garmo.
Søskenmoderasjon: Dersom to eller fleire søsken deltek på kurset får de ein søskenmoderasjon. Moderasjonen er på 500,- og du skriv då inn rabattkoda "Søskenpris" i feltet som sier: "Hvis du har en promo-kode, legg den inn her". NB: rabatten skal bli synleg på prisen før betalinga er gjennomført.
Vi gjer merksame på at de må svare på nokre obligatoriske spørsmål (namn, fødselsår og deling av foto/film), og nokre frivillige spørsmål (romønskje, allergi/diett) ved påmelding. Når du har meldt deg på kurset vil du få meir info på e-post seinast 15. juni.
Kjøpt kurs blir normalt ikkje refundert, men ta kontakt med post@strunkeveko.no dersom noko heilt spesielt skulle oppstå som forhindrar ein i å kome på kurs.
Restriksjoner
Aldersgrense 14-20 år.
Ansvarsfraskrivelse
Kjøpt kurs blir normalt ikkje refundert, men ta kontakt med leiar@strunkeveko.no dersom noko heilt spesielt skulle oppstå som forhindrar ein i å kome på kurs.