Strunkeveko 2026 - Song
Songkurs med Ingebjørg Lognvik Reinholdt
Folkesong er eit vidt begrep, og på songkurset får du med deg repertoar frå ulike tider og stiler frå folkesongen si historie. Undervisninga blir tilpassa alder og nivå, så langt det lar seg gjere og du vil få undervisning både individuelt og i gruppe.
Lærar: Ingebjørg Lognvik Reinholdt!
Ingebjørg Lognvik Reinholdt er kjend for sitt arbeid innan tradisjonell vokalmusikk og formidling av folketonar. Ho har vore aktiv som utøvande kunstnar sidan 2011, og arbeider både solo og i ulike prosjekt og ensemble. Ingeborg utdanning har frå Norges musikkhøgskole og har markert seg gjennom konsertar, pedagogiske produksjonar og ulike musikalske samarbeid.
Søskenmoderasjon: Dersom to eller fleire søsken deltek på kurset får de ein søskenmoderasjon. Moderasjonen er på 500,- og du skriv då inn rabattkoda "Søskenpris" i feltet som sier: "Hvis du har en promo-kode, legg den inn her". NB: rabatten skal bli synleg på prisen før betalinga er gjennomført.
Vi gjer merksame på at de må svare på nokre obligatoriske spørsmål (namn, fødselsår og deling av foto/film), og nokre frivillige spørsmål (romønskje, allergi/diett) ved påmelding. Når du har meldt deg på kurset vil du få meir info på e-post seinast 15. juni.
Kjøpt kurs blir normalt ikkje refundert, men ta kontakt med post@strunkeveko.no dersom noko heilt spesielt skulle oppstå som forhindrar ein i å kome på kurs.
Restriksjoner
Aldersgrense 11-20 år.
Ansvarsfraskrivelse
Kjøpt kurs blir normalt ikkje refundert, men ta kontakt med leiar@strunkeveko.no dersom noko heilt spesielt skulle oppstå som forhindrar ein i å kome på kurs.