page view image

Strunkeveko - halling fordjuping 2023

Informasjon
event image

Halling fordjuping med Ådne Geicke Kolbjørnshus.

Ta hallingen til nye høgder! Nivået på hallingdansen i Noreg er på veg godt oppunder taket. Strunkeveko tek konsekvensen av dette og tilbyr kurs for den som verkeleg byrjar å få taket på både kast og takt. Fordjupingskurset i halling er for deg som har kome verkeleg langt som dansar, og kurset krev at deltakaren held høgt nivå. Fokuset på kurset er å utvikle seg som dansar og jobbe med eit personleg uttrykk.

Du lyt vera over fjorten år og ha ei interesse for både dansen og teknikken bak. Har du det, lovar vi store mengder inspirasjon og danseglede i løpet av desse dagane i Valdres.

Ådne Geicke Kolbjørnshus er frå Valdres og dreiv med turn og snøbrett før han begynte å danse i Bygda Dansar som 16-åring. Etter vidaregående har han vore freelance scenekunstnar på full tid, med ulike dansekompanier som Frikar, Kartellet og Døgeniktene. Ådne har vunne landskappleiken i halling to gonger, og har i 2022 og 2023 fått statens kunstnerstipen.

Søskenmoderasjon: Dersom to eller fleire søsken deltek på kurset får de ein søskenmoderasjon. Moderasjonen er på 500,- og du skriv då inn rabattkoda "Søskenpris" i feltet som sier: "Hvis du har en promo-kode, legg den inn her". NB: rabatten skal bli synleg på prisen før betalinga er gjennomført. 


Restriksjoner

Når du har meldt deg på kurset vil du få meir info på e-post seinast 15. juni.

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpt kurs blir normalt ikkje refundert, men ta kontakt med post@strunkeveko.no dersom noko heilt spesielt skulle oppstå som forhindrar ein i å kome på kurs.