page view image

Strunkeveko - hardingfele fordjuping

Arrangementsinformasjon
event image

Hardingfele fordjuping med Steinar Rygg

Er du klar for å ta hardingfelespelet ditt opp til eit nytt nivå? Då er fordjupingskurset på Strunkeveko rette staden å gjera det. Aldersgrensa er fjorten år og du lyt ha lang erfaring frå spel på hardingfele for å vera med.

Årets instruktør er storspelemann Steinar Rygg frå Voss, som har eit rikt slåttetilfang, med hovudvekt på spel frå Voss, Hardanger og Telemark. Fordjupningskurset byr også på auka kunnskap rundt slåttespelet. 

Søskenmoderasjon: Dersom to eller fleire søsken deltek på kurset får de ein søskenmoderasjon. Moderasjonen er på 500,- og du skriv då inn rabattkoda "Søskenpris" i feltet som sier: "Hvis du har en promo-kode, legg den inn her". NB: rabatten skal bli synleg på prisen før betalinga er gjennomført. 


Restriksjoner

Når du har meldt deg på kurset vil du få meir info på e-post seinast 15. juni.

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpt kurs blir normalt ikkje refundert, men ta kontakt med post@strunkeveko.no dersom noko heilt spesielt skulle oppstå som forhindrar ein i å kome på kurs.