page view image

Strunkeveko - langeleik

Arrangementsinformasjon
event image

Langeleikkurs med Andrea Søgnen

Valdres er eit av dei største tradisjonsområda for langeleik, og i år har me fått tak i ein super utøvar frå Valdres til å ha kurset. Du får undervisning som er tilpassa din alder og ditt nivå. Læraren gjev dykk både individuell undervisning og gruppeundervisning.

For å vera med på langeleik bør du ha spelt i minst to år.

Andrea Søgnen frå Gol er ei prisløna folkemusikar og folkedansar. Ho studerer bachelor i Folkemusikk ved Universitetet i Sørøst- Norge, campus Rauland. Andrea har ulike instruktørjobbar i samband med sitt engasjement som Dextra Musica- musikar. Andrea er ein viktig tradisjonsbærar for langeleiktradisjonen i Hallingdal. Ho har eit breidt repertoar frå Hallingdal, Valdres og Telemark, og tek stadig i bruk låttar frå andre instrument og kveding, som ikkje er brukt på langeleik tidlegare. 

Søskenmoderasjon: Dersom to eller fleire søsken deltek på kurset får de ein søskenmoderasjon. Moderasjonen er på 500,- og du skriv då inn rabattkoda "Søskenpris" i feltet som sier: "Hvis du har en promo-kode, legg den inn her". NB: rabatten skal bli synleg på prisen før betalinga er gjennomført. 


Restriksjoner

Når du har meldt deg på kurset vil du få meir info på e-post seinast 15. juni.

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpt kurs blir normalt ikkje refundert, men ta kontakt med post@strunkeveko.no dersom noko heilt spesielt skulle oppstå som forhindrar ein i å kome på kurs.