page view image

Strunkeveko - pardans

Arrangementsinformasjon
event image

Pardanskurs med Anna Liv Skjelten Gjendem

Pardanskurset er for deg som vil danse mykje! Kurset vil fokusere på innlæring av ulike bygde- og runddansar. I tillegg til å lære mange dansar får du lære om danseteknikk og haldning i dans. Her blir det tips og råd, enten du vil gjera deg klar for kappleik, eller vil sveitte deg i hel på dansekveldar. 

NB: Vi har også pardans fordjuping for dei over 14 år. 

Anna Gjendem, har utdanning innan folkemusikk og folkedans. Ho jobbar som utøvande dansar og hjå Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal, som i dag er ein del av Stiftinga Viti. Ho er genuint oppteken av dansetrasdisjonane våre, og jobbar aktivt for å formidle desse.

Søskenmoderasjon: Dersom to eller fleire søsken deltek på kurset får de ein søskenmoderasjon. Moderasjonen er på 500,- og du skriv då inn rabattkoda "Søskenpris" i feltet som sier: "Hvis du har en promo-kode, legg den inn her". NB: rabatten skal bli synleg på prisen før betalinga er gjennomført.


Restriksjoner

Når du har meldt deg på kurset vil du få meir info på e-post seinast 15. juni.

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpt kurs blir normalt ikkje refundert, men ta kontakt med post@strunkeveko.no dersom noko heilt spesielt skulle oppstå som forhindrar ein i å kome på kurs.