page view image

Strunkeveko - song

Arrangementsinformasjon
event image

Songkurs med Gro Kjelleberg Solli

Folkesong er eit vidt begrep, og på songkurset får du med deg repertoar frå ulike tider og stiler frå folkesongen si historie. Undervisninga blir tilpassa alder og nivå, så langt det lar seg gjere og du vil få undervisning både individuelt og i gruppe. 

NB: I år har vi også song fordjuping for dei over 14 år.

Gro Kjelleberg Solli er folkesongar frå Angvik på Nordmøre, busett i Os i Østerdalen. Gro har vunne Landskappleiken to gonger. Alt Gro formidlar framstår som heilt ekte, ingen spor av jåleri, berre song med tusenvis av overtonar og små, fargeleggande trillar. Ho har ei silkemjuk røyst som glid inn i hjarterota di nesten utan at du merkar det. Gro er utdanna folkemusikar/musikkpedagog ved Høgskulen i Telemark og Norges Musikkhøgskole. Ho har hatt songlærarar som Sondre Bratland og Kirsten Bråten Berg.

Søskenmoderasjon: Dersom to eller fleire søsken deltek på kurset får de ein søskenmoderasjon. Moderasjonen er på 500,- og du skriv då inn rabattkoda "Søskenpris" i feltet som sier: "Hvis du har en promo-kode, legg den inn her". NB: rabatten skal bli synleg på prisen før betalinga er gjennomført. 


Restriksjoner

Når du har meldt deg på kurset vil du få meir info på e-post seinast 15. juni.

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpt kurs blir normalt ikkje refundert, men ta kontakt med post@strunkeveko.no dersom noko heilt spesielt skulle oppstå som forhindrar ein i å kome på kurs.