Strunkeveko - song fordjuping 2023

Song fordjuping med Synnøve Brøndbo Plassen
Folkesong er eit vidt begrep, og på songkurset får du med deg repertoar frå ulike tider og stiler frå folkesongen si historie. Undervisninga blir tilpassa alder og nivå, så langt det lar seg gjere og du vil få undervisning både individuelt og i gruppe. På fordjuping i song går ein endå meir inn på særtrekk i kveding, ornamentering, klang etc. Fordjupingskurs er for dei over 14 år.
Søskenmoderasjon: Dersom to eller fleire søsken deltek på kurset får de ein søskenmoderasjon. Moderasjonen er på 500,- og du skriv då inn rabattkoda "Søskenpris" i feltet som sier: "Hvis du har en promo-kode, legg den inn her". NB: rabatten skal bli synleg på prisen før betalinga er gjennomført.
Restriksjoner
Når du har meldt deg på kurset vil du få meir info på e-post seinast 15. juni.
Ansvarsfraskrivelse
Kjøpt kurs blir normalt ikkje refundert, men ta kontakt med post@strunkeveko.no dersom noko heilt spesielt skulle oppstå som forhindrar ein i å kome på kurs.