Strunkeveko 2024 - hardingfele fordjuping

Fordjupingskurs i hardingfele med Per Anders Buen Garnås

page view image
Arrangementsdato

søndag 7 jul 2024 16:00

Slutter fredag 12 jul 2024 15:00
Kalenderelementet vil tilpasses din tidssone
BESTILL

Hvis du har en promo-kode legg den inn i boksen

Tilgjengelige varer

Hardingfele fordjuping
event image

Arrangementsinformasjon

Er du klar for å ta hardingfelespelet ditt opp til eit nytt nivå? Då er fordjupingskurset på Strunkeveko rette staden å gjera det. Aldersgrensa er fjorten år og du lyt ha lang erfaring frå spel på hardingfele for å vera med. 

Per Anders Buen Garnås (f. 1980) byrja å spela hardingfele i 6-årsalderen, inspirert av onklane Hauk (1933-2021) og Knut Buen (f. 1948). Han har elles gått i lære hjå og lete seg inspirere av mange gode spelemenn innanfor ulike tradisjonar - særleg i Telemark.

Sidan tenåra har musikken vore ein stor del av levebrødet hans, og han har underhalde, halde konsertar og turnert i store delar av inn- og utland.

Han har også fleire CD-utgjevingar bak seg, både som solospelemann og som medverkande musikar. For soloalbuma har han vunne FolkeLarm-prisen to gongar og vore nominert til Spellemann 3 gongar. Han har også vunne gullplate både for singel og for album saman med bandet Byting, der han var fast medlem frå 2013 til 2018.

I 2022 blei han kåra til Årets folkemusiker under FolkeLarm, og Landskappleiken har han vunne 5 gongar.

Søskenmoderasjon: Dersom to eller fleire søsken deltek på kurset får de ein søskenmoderasjon. Moderasjonen er på 500,- og du skriv då inn rabattkoda "Søskenpris" i feltet som sier: "Hvis du har en promo-kode, legg den inn her". NB: rabatten skal bli synleg på prisen før betalinga er gjennomført. 

Restriksjoner

Når du har meldt deg på kurset vil du få meir info på e-post seinast 15. juni.

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpt kurs blir normalt ikkje refundert, men ta kontakt med post@strunkeveko.no dersom noko heilt spesielt skulle oppstå som forhindrar ein i å kome på kurs.

Organizer
Strunkeveko