Strunkeveko 2024 - song fordjupning

Song fordjupning med Camilla Granlien

page view image
Arrangementsdato

søndag 7 jul 2024 16:00

Slutter fredag 12 jul 2024 15:00
Kalenderelementet vil tilpasses din tidssone
BESTILL

Hvis du har en promo-kode legg den inn i boksen

Tilgjengelige varer

Song
event image

Arrangementsinformasjon

Foto: Anne Marte Før

Folkesong er eit vidt begrep, og på songkurset får du med deg repertoar frå ulike tider og stiler frå folkesongen si historie. Undervisninga blir tilpassa alder og nivå, så langt det lar seg gjere og du vil få undervisning både individuelt og i gruppe. 

For å vera med på song fordjuping må du vera over fjorten år og halde på med song nokre år.

Camilla Granlien (f. 1974) er utdanna folkesangar med ein master i tradisjonskunst fra Universitetet i Sørøst-Norge. Ho har jobba som frilans songer i snart 20 år med mange konserter i regi av m.a. Den kulturelle skulesekken, barnehagekonsertar, Spaserstokk-konsertar og ulike festivaler. I tillegg held ho konsertar med band og prosjekter og likar godt å bruke folkesongen i møte med andre sjangrar og musikarar. Camilla har undervist m.a. ved folkemusikklinja på Vinstra vidaregåande skule og Ole Bull akademiet. Camilla har også vunne Landskappleiken i Vokal klasse A heile tre gonger.

Søskenmoderasjon: Dersom to eller fleire søsken deltek på kurset får de ein søskenmoderasjon. Moderasjonen er på 500,- og du skriv då inn rabattkoda "Søskenpris" i feltet som sier: "Hvis du har en promo-kode, legg den inn her". NB: rabatten skal bli synleg på prisen før betalinga er gjennomført. 

Restriksjoner

Når du har meldt deg på kurset vil du få meir info på e-post seinast 15. juni.

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpt kurs blir normalt ikkje refundert, men ta kontakt med post@strunkeveko.no dersom noko heilt spesielt skulle oppstå som forhindrar ein i å kome på kurs.

Organizer
Strunkeveko