Strunkeveko 2026 - Samspel

Samspelkurs med Gard Nergaard

page view image
Arrangementsdato

søndag 5 jul 2026 16:00

Slutter fredag 10 jul 2026 15:00
BESTILL

Hvis du har en promo-kode legg den inn i boksen

Tilgjengelige varer

Samspel
event image

Arrangementsinformasjon

Strunkeveko vil også i 2026 tilby eit kurs i samspel for ulike instrument, det kan vera fele, fløyte, gitar, perkusjon osv. Det er mykje fokusert på samspel og kryssing av sjangerar i dagens folkemusikk, og Strunkeveko ynskjer å gje elevane gode forutsetningar til å vere premissleverandørar her. Kurset vil ha ei nedre aldersgrense på 14 år og ha spelt lenge, som fordjupingskursa. Me har også eit samspelkurs for dei under 14. Er du 14 år kan du velje kva for kurs du vil vera med på. 

Lærar: Gard Nergaard!

Gard Nergaard er fele- og hardingfelespelar frå Norges sørlegaste dal og har Vest-Agder-musikken i ryggrada. Som forteljar, multi-instrumentalist, dansar og teaterskodespelar har han spelt og skapt i mange sjangrar og samanhengar i både inn- og utland. Du finn han som solist og i konstellasjonar som Kalejdoskop Trio og fele- og teaterduoen Alvina & Gard. På dette kurset gjev Gard deg verktøy for å ta deg an slåttane og gjera dei til dine eigne, og kjenna deg tryggare og bli meir kreativ i samspelet.

 

Søskenmoderasjon. Moderasjonen er på 500,- og du skriv då inn rabattkoda "Søskenpris" i feltet som sier: "Hvis du har en promo-kode, legg den inn her". NB: rabatten skal bli synleg på prisen før betalinga er gjennomført.

Vi gjer merksame på at de må svare på nokre obligatoriske spørsmål (namn, fødselsår og deling av foto/film), og nokre frivillige spørsmål (romønskje, allergi/diett) ved påmelding. Når du har meldt deg på kurset vil du få meir info på e-post seinast 15. juni.

Kjøpt kurs blir normalt ikkje refundert, men ta kontakt med post@strunkeveko.no dersom noko heilt spesielt skulle oppstå som forhindrar ein i å kome på kurs.

Restriksjoner

Aldersgrense 14-20 år.

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpt kurs blir normalt ikkje refundert, men ta kontakt med leiar@strunkeveko.no dersom noko heilt spesielt skulle oppstå som forhindrar ein i å kome på kurs.

Tags

folkemusikk
folkedans
strunkeveko
hilme
valdres
Organizer
Strunkeveko