Strunkeveko 2026 - Toradar fordjuping

Fordjupingskurs i toradar med Kristoffer Kleiveland

page view image
Arrangementsdato

søndag 5 jul 2026 16:00

Slutter fredag 10 jul 2026 15:00
BESTILL

Hvis du har en promo-kode legg den inn i boksen

Tilgjengelige varer

Torader fordjuping
event image

Arrangementsinformasjon

Meld deg på toradarkurs fyllt med nye låttar, teknikkundervisning og dansespel. Du vil få undervisning både individuelt og i grupper.

For å vera med på toradar fordjuping må du vere over fjorten år og ha spelt lenge.

Lærar: Kristoffer Kleiveland!

Kristoffer Kleiveland er ein engasjert og erfaren toradarutøvar med sterk forankring i tradisjonsmusikken. Med mange år som både utøvar og formidlar, har han opparbeidd seg solid kompetanse innan både speleteknikk, repertoar og pedagogikk. Kristoffer er oppteken av å formidle spelglede, gode grunnleggande ferdigheiter og ei forståing for tradisjon og stil. På kurs legg han vekt på eit inkluderande læringsmiljø der deltakarane får utvikle seg musikalsk på sitt eige nivå.

Søskenmoderasjon: Dersom to eller fleire søsken deltek på kurset får de ein søskenmoderasjon. Moderasjonen er på 500,- og du skriv då inn rabattkoda "Søskenpris" i feltet som sier: "Hvis du har en promo-kode, legg den inn her". NB: rabatten skal bli synleg på prisen før betalinga er gjennomført. 

Vi gjer merksame på at de må svare på nokre obligatoriske spørsmål (namn, fødselsår og deling av foto/film), og nokre frivillige spørsmål (romønskje, allergi/diett) ved påmelding. Når du har meldt deg på kurset vil du få meir info på e-post seinast 15. juni.

Kjøpt kurs blir normalt ikkje refundert, men ta kontakt med leiar@strunkeveko.no dersom noko heilt spesielt skulle oppstå som forhindrar ein i å kome på kurs.

Restriksjoner

Aldersgrense 14-20 år.

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpt kurs blir normalt ikkje refundert, men ta kontakt med leiar@strunkeveko.no dersom noko heilt spesielt skulle oppstå som forhindrar ein i å kome på kurs.

Tags

folkemusikk
folkedans
strunkeveko
hilme
valdres
Organizer
Strunkeveko