page view image

Strunkeveko 2024 - pardans fordjuping

Fordjupingskurs i pardans med Inga Myhr

Information
event image

Det blir eit variert kurs med fokus på ulike pardansar. Inga er ein erfaren dansar og pedagog, og reiser litt rundt med ulike prosjekt. Ho likar godt å undervise i dans, og har stor kjærleik til dei små detaljane og dei artige og litt finurlege dansane me har rundt om i landet. Inga har ein bachelor i utøvande tradisjonsdans frå NTNU og Ole Bull akademiet og elskar å nerde dans. Ho har brukt utallege timar på å studere dansegolv og arkivfilm og ta med seg inspirasjon frå det inn i eigen dans. Inga gler seg til å møte dykk alle, og har med seg nokre perlar frå ulike krikar og krokar, samt tips og triks til korleis ein kan leike seg, og variera endå meir i eigen dans.

Kurset er for dei over 14 år, og du bør ha dansa ein god del for å vera med på kurset.

Søskenmoderasjon: Dersom to eller fleire søsken deltek på kurset får de ein søskenmoderasjon. Moderasjonen er på 500,- og du skriv då inn rabattkoda "Søskenpris" i feltet som sier: "Hvis du har en promo-kode, legg den inn her". NB: rabatten skal bli synleg på prisen før betalinga er gjennomført. 

Beperkingen

Når du har meldt deg på kurset vil du få meir info på e-post seinast 15. juni.

Afstandsverklaring

Kjøpt kurs blir normalt ikkje refundert, men ta kontakt med post@strunkeveko.no dersom noko heilt spesielt skulle oppstå som forhindrar ein i å kome på kurs.