page view image

Strunkeveko 2024 - torader fordjuping

Fordjupingskurs i toradar med Steinar Odde

Information
event image

Meld deg på toradarkurs fyllt med nye låttar, teknikkundervisning og dansespel. Du vil få undervisning både individuelt og i grupper.

For å vera med på toradar fordjuping må du vere over fjorten år og ha spelt lenge.

Lærar: Steinar Odde!

Steinar kjem frå Garmo i Lom, og vaks opp i ein sterk folkemusikkfamilie. Han er musikar, komponist og arrangør som no er busett på Voss, og jobbar til vanleg som musikkinstruktør og musikklærar.

Han er multimusikaren som traktarar det meste av instrumenter, og det har gitt inspirasjon og ferdigheitar resultert i fleire utmerkingar, ei rekke utgjevingar og prestasjonar. Han har blant anna vunne folkelarmsprisen i 2023 med Madam Jam i kategori Dansespel, og studerer i dag på Ole Bull Akademiet.

Søskenmoderasjon: Dersom to eller fleire søsken deltek på kurset får de ein søskenmoderasjon. Moderasjonen er på 500,- og du skriv då inn rabattkoda "Søskenpris" i feltet som sier: "Hvis du har en promo-kode, legg den inn her". NB: rabatten skal bli synleg på prisen før betalinga er gjennomført. 

Beperkingen

Når du har meldt deg på kurset vil du få meir info på e-post seinast 15. juni.

Afstandsverklaring

Kjøpt kurs blir normalt ikkje refundert, men ta kontakt med leiar@strunkeveko.no dersom noko heilt spesielt skulle oppstå som forhindrar ein i å kome på kurs.