page view image

Strunkeveko 2024 - Samspelkurs u15

Samspelkurs for dei under 15 år med Astrid Garmo!

Informacje
event image

Vi har fått fleire spørsmål om samspelkurs og alternativ for dei under 15 år som har andre instrument enn dei vi allereie har eit kurstilbud for. No har vi fått tak sjølvaste Astrid Garmo som instruktør til eit heilt nytt kurs!

For å vera med på dette kurset må du beherske instrumentet ditt godt og kunne ta ting på gehør. Dette blir eit kurs der deltakarane har ulike instrument. Instruktøren kan nødvendigvis ikkje instrumentet ditt, men ho kan laga arrangement og vil lære bort melodiar og komp. Dette blir eit spennande kurs som blir forma litt etter kven som er med og kva slags instrument dei ulike deltakarane har med seg.

Felespelaren Astrid kjem ifrå Garmo i Gudbrandsdalen, og jobbar for tida som frilansmusikar med base i Oslo. I tillegg til å ha føtene godt planta i flatfelemusikken fra heimtraktane, har Astrid også dei siste åra vore ein svært aktiv hardingfelespelar, og ho fordjupa spesielt seg i folkemusikken frå Valdres, Hallingdal og Telemark da ho studerte på Norges Musikkhøgskole i åra 2016-2020. I dag er ho leiar for Bærum Spellemannslag, spelar mykje til dans og er aktiv i grupper på tvers av sjangrer med forskjellige instrument som til dømes feler, gitar, synth og langeleik. Ho er å høyre i folkemusikkorienterte prosjekt som blant anna Pumpegris, Ester og Astrid og LIN, men også som gitarist og vokalist i indierock-banda Clowder og Scoreboard.

Astrid er for tida aktuell med si fyrste soloplate, «Sjugurd», som kjem ut sommaren 2024. Det er eit prosjekt der ho har tolka slåttene til oldefaren sin, Sjugurd Garmo.


Søskenmoderasjon: Dersom to eller fleire søsken deltek på kurset får de ein søskenmoderasjon. Moderasjonen er på 500,- og du skriv då inn rabattkoda "Søskenpris" i feltet som sier: "Hvis du har en promo-kode, legg den inn her". NB: rabatten skal bli synleg på prisen før betalinga er gjennomført. 

#strunkeveko #hilme

Restrykcje

Når du har meldt deg på kurset vil du få meir info på e-post seinast 15. juni.

Ograniczenia

Kjøpt kurs blir normalt ikkje refundert, men ta kontakt med post@strunkeveko.no dersom noko heilt spesielt skulle oppstå som forhindrar ein i å kome på kurs.