Strunkeveko 2025 - Halling

Hallingkurs med Vilde Westeng

page view image
Evenemangsdatum

söndag 6 jul 2025 16:00

avslutas fredag 11 jul 2025 15:00
Beställ

Om du har en kampanjkod, använd den här

Tillgängliga artiklar

Halling
event image

Evenemangsinformation

Hallingen har eldgamle tradisjonar i Noreg, og har nådd eit skyhøgt nivå med utøvarar som tek dansen til nye høgder. Anten du har store ambisjonar eller du berre er spretten og danseglad, er hallingkurset på Strunkeveko plassen å bli ein betre hallingdansar. Ved sidan av store mengder hallingdans blir det også fleire økter med både akrobatikk og godkarstykke. 

Instruktør i halling er Vilde Westeng!

Vilde 23 år og er frå Gransherad i Telemark, og byrja å danse som 9-åring. Ho dansar både bygdedans, runddans og halling, og har sidan 2015 vore aktiv utøvar både på kappleik, som instruktør og mykje anna. I 2023 valde ho å fordjupa seg i hallingdans gjennom si bacheloroppgåve ved Universitetet i Sørøst-Norge, Campus Rauland, og under Landskappleiken 2024 rykka ho opp i A-klassen i halling!

Vilde seier: "Jeg gleder med veldig til Strunkeveko og håper jeg har et og annet krumspring å lære bort!"


Søskenmoderasjon: Dersom to eller fleire søsken deltek på kurset får de ein søskenmoderasjon. Moderasjonen er på 500,- og du skriv då inn rabattkoda "Søskenpris" i feltet som sier: "Hvis du har en promo-kode, legg den inn her". NB: rabatten skal bli synleg på prisen før betalinga er gjennomført. 

Restriktioner

Når du har meldt deg på kurset vil du få meir info på e-post seinast 15. juni.

Ansvarsfriskrivning

Kjøpt kurs blir normalt ikkje refundert, men ta kontakt med post@strunkeveko.no dersom noko heilt spesielt skulle oppstå som forhindrar ein i å kome på kurs.

Arrangör
Strunkeveko