Strunkeveko 2025 - Halling fordjuping

Fordjupingskurs i halling

page view image
Evenemangsdatum

söndag 6 jul 2025 16:00

avslutas fredag 11 jul 2025 15:00
Beställ

Om du har en kampanjkod, använd den här

Tillgängliga artiklar

Halling fordjuping
event image

Evenemangsinformation

Ta hallingen til nye høgder! Nivået på hallingdansen i Noreg er på veg godt oppunder taket. Strunkeveko tek konsekvensen av dette og tilbyr kurs for den som verkeleg byrjar å få taket på både kast og takt. Fordjupingskurset i halling er for deg som har kome verkeleg langt som dansar, og kurset krev at deltakaren held høgt nivå. Fokuset på kurset er å utvikle seg som dansar og jobbe med eit personleg uttrykk.

Du lyt vera over fjorten år og ha ei interesse for både dansen og teknikken bak. Har du det, lovar vi store mengder inspirasjon og danseglede i løpet av desse dagane i Valdres.

Lærar: Vetle Springgard!

Vetle Springgard er folkedansar og scenekunstnar med ein master i koreografi ved Kunsthøgskolen i Oslo. I duoen Døgeniktene, eit samarbeid med Ådne Geicke Kolbjørnshus, har Vetle laga fleire førestillingar, og han har arbeidd i folkedanskompania Kartellet og FRIKAR.Og Vetle seier: - Eg ser fram til å leike og leite i dansen saman med dyktig ungdom. Og eg gler meg til å ha det gøy og finne på ting som ikkje står på programmet!

Søskenmoderasjon: Dersom to eller fleire søsken deltek på kurset får de ein søskenmoderasjon. Moderasjonen er på 500,- og du skriv då inn rabattkoda "Søskenpris" i feltet som sier: "Hvis du har en promo-kode, legg den inn her". NB: rabatten skal bli synleg på prisen før betalinga er gjennomført. 

Restriktioner

Når du har meldt deg på kurset vil du få meir info på e-post seinast 15. juni.

Ansvarsfriskrivning

Kjøpt kurs blir normalt ikkje refundert, men ta kontakt med post@strunkeveko.no dersom noko heilt spesielt skulle oppstå som forhindrar ein i å kome på kurs.

Arrangör
Strunkeveko