page view image

Strunkeveko 2026 - Pardans

Pardanskurs med Thea Myrjord Norheim

Information
event image

Pardanskurset er for deg som vil danse mykje! Kurset vil fokusere på innlæring av ulike bygde- og runddansar. I tillegg til å lære mange dansar får du lære om danseteknikk og haldning i dans. Her blir det tips og råd, enten du vil gjera deg klar for kappleik, eller vil sveitte deg i hel på dansekveldar. 

NB: Vi har også pardans fordjuping for dei over 14 år. 

Lærar: Thea Myrjord Norheim!

Thea Myrjord Norheim (f. 2004) frå Nome i Telemark har dansa sidan barneåra og har utvikla seg både som utøvar og instruktør gjennom aktiv deltaking i lokale kappleikar, Landskappleiken og ulike framsyningar i inn- og utland. Ho er no student i folkemusikk og folkedans ved USN, Rauland, og har vore kappleiksgeneral for Vinterkappleiken på Rauland – eit ansvar som understrekar hennar posisjon som ei ung, men erfaren kraft i folkedansmiljøet. Thea er kjend for formidlingsglede, fagleg tyngde og ein sterk vilje til å løfte fram folkedansen som både kulturarv og moderne uttrykksform, og no gler ho seg til å vera lærar  i pardans på Strunkeveko!

 

Søskenmoderasjon: Dersom to eller fleire søsken deltek på kurset får de ein søskenmoderasjon. Moderasjonen er på 500,- og du skriv då inn rabattkoda "Søskenpris" i feltet som sier: "Hvis du har en promo-kode, legg den inn her". NB: rabatten skal bli synleg på prisen før betalinga er gjennomført.

Vi gjer merksame på at de må svare på nokre obligatorike spørsmål (namn, fødselsår og deling av foto/film), og nokre frivillige spørsmål (romønskje, allergi/diett) ved påmelding. Når du har meldt deg på kurset vil du få meir info på e-post seinast 15. juni.

Kjøpt kurs blir normalt ikkje refundert, men ta kontakt med post@strunkeveko.no dersom noko heilt spesielt skulle oppstå som forhindrar ein i å kome på kurs.

folkemusikk folkedans strunkeveko hilme valdres

Restriktioner

Aldersgrense 11-20 år.

Ansvarsfriskrivning

Kjøpt kurs blir normalt ikkje refundert, men ta kontakt med leiar@strunkeveko.no dersom noko heilt spesielt skulle oppstå som forhindrar ein i å kome på kurs.