Strunkeveko 2026 - Langeleik fordjuping
Fordjupingskurs på langeleik med Gøril Ramo Håve
Er du klar for å ta langeleikspelet ditt opp til eit nytt nivå? Då er fordjupingskurset på Strunkeveko rette staden å gjera det. Aldersgrensa er fjorten år og du lyt ha lang erfaring frå spel på langeleik for å vera med. Læraren gjev dykk både individuell undervisning og gruppeundervisning.
Lærar: Gøril Ramo Håve!
Gøril Ramo Håve (f. 1966) bor i Vinje, og arbeider særleg med langeleikslåttar frå Telemark og Agder - tradisjonar som nesten hadde falle i gløymeboka. Gjennom arbeid i arkiv og feltmateriale har ho vore med på å rekonstruere og vidareføre gamle slåttar. På strunkeveko i år får du eit lære nokre av slåttane Gøril har funne fram, det er berre å gle seg til det!
Søskenmoderasjon: Dersom to eller fleire søsken deltek på kurset får de ein søskenmoderasjon. Moderasjonen er på 500,- og du skriv då inn rabattkoda "Søskenpris" i feltet som sier: "Hvis du har en promo-kode, legg den inn her". NB: rabatten skal bli synleg på prisen før betalinga er gjennomført.
Vi gjer merksame på at de må svare på nokre obligatoriske spørsmål (namn, fødselsår og deling av foto/film), og nokre frivillige spørsmål (romønskje, allergi/diett) ved påmelding. Når du har meldt deg på kurset vil du få meir info på e-post seinast 15. juni.
Kjøpt kurs blir normalt ikkje refundert, men ta kontakt med post@strunkeveko.no dersom noko heilt spesielt skulle oppstå som forhindrar ein i å kome på kurs.
Restrictions
Aldersgrense 14-20 år.
Waiver
Kjøpt kurs blir normalt ikkje refundert, men ta kontakt med leiar@strunkeveko.no dersom noko heilt spesielt skulle oppstå som forhindrar ein i å kome på kurs.