page view image

Strunkeveko 2024 - langeleik fordjuping

Langeleik fordjuping med Anders Erik Røine

Information
event image

Er du klar for å ta langeleikspelet ditt opp til eit nytt nivå? Då er fordjupingskurset på Strunkeveko rette staden å gjera det. Aldersgrensa er fjorten år og du lyt ha lang erfaring frå spel på langeleik for å vera med.I år har me fått tak i ein super utøvar til å ha dette kurset: Anders Røine!

Anders er multiinstrumentalisten frå Grorud i Oslo, med røter frå Valdres og busett i Bø i Telemark. I dette kurset vil han ha hovudfokus på langeleik, men vil også lære bort noko munnharpe. Anders seier at desse instrumenta har mykje til felles og at overføringsverdien mellom desse er stor. Har du eigen munnharpe kan du gjerne ta den med! Anders er kjent for å finne nye moglegheiter å bruke langeleiken på og har mykje kunnskap om musikk. Læraren gjev dykk både individuell undervisning og gruppeundervisning.

Søskenmoderasjon: Dersom to eller fleire søsken deltek på kurset får de ein søskenmoderasjon. Moderasjonen er på 500,- og du skriv då inn rabattkoda "Søskenpris" i feltet som sier: "Hvis du har en promo-kode, legg den inn her". NB: rabatten skal bli synleg på prisen før betalinga er gjennomført.

Foto: Knut Utler

Restrictions

Når du har meldt deg på kurset vil du få meir info på e-post seinast 15. juni.

Waiver

Kjøpt kurs blir normalt ikkje refundert, men ta kontakt med post@strunkeveko.no dersom noko heilt spesielt skulle oppstå som forhindrar ein i å kome på kurs.