Strunkeveko 2026 - Munnharpe
Munnharpe med Eivind Tanche-Larsen Knutsen
Strunkeveko ønskjer igjen å tilby kurs på munnharpe! For å vera med på munnharpe bør du kjenne instrumentet godt, ha grunnleggjande ferdigheiter, kunne spela melodiar og gjerne nokre slåttar. På kurset vil du lære slåttar frå Setesdal og få tips til vidare utvikling. Kurset passer truleg ikkje for dei yngste, tilrådd alder frå 13 år og oppover
Lærar: Eivind Tanche-Larsen Knutsen!
Eivind Tanche-Larsen Knutsen er 25 år og kjem frå Rysstad i Setesdal. Han har jamnleg deltatt på kappleikar som soloutøvar på munnharpe og fele, men også som dansespelemann. Eivind spelar slåttar i setesdalstradisjon, og har hatt Sigurd Brokke som største læremeister, men også andre lokale utøvarar. Foto: Knut Utler
Søskenmoderasjon: Dersom to eller fleire søsken deltek på kurset får de ein søskenmoderasjon. Moderasjonen er på 500,- og du skriv då inn rabattkoda "Søskenpris" i feltet som sier: "Hvis du har en promo-kode, legg den inn her". NB: rabatten skal bli synleg på prisen før betalinga er gjennomført.
Vi gjer merksame på at de må svare på nokre obligatoriske spørsmål (namn, fødselsår og deling av foto/film), og nokre frivillige spørsmål (romønskje, allergi/diett) ved påmelding. Når du har meldt deg på kurset vil du få meir info på e-post seinast 15. juni.
Kjøpt kurs blir normalt ikkje refundert, men ta kontakt med post@strunkeveko.no dersom noko heilt spesielt skulle oppstå som forhindrar ein i å kome på kurs.
Restrictions
Tilrådd alder 13-20 år
Waiver
Kjøpt kurs blir normalt ikkje refundert, men ta kontakt med leiar@strunkeveko.no dersom noko heilt spesielt skulle oppstå som forhindrar ein i å kome på kurs.